nodeimage

Sven Påhlsson - Bending water

30. oktober kjem den internasjonalt anerkjende Sven Påhlsson sine videoverk Bending Water til Oseana!

Det er klart for ei ny utstilling i Hvelvet på Oseana. Denne gongen er det hypermoderne videokunst som får æra av å pryde veggane i det temporære utstillingslokalet. Sven Påhlsson (f. 1965) er ein av dei mest anerkjende nordiske samtidskunstnarar i vår tid. Med sine ytterst avanserte dataanimasjonar er han ein av svært få nordiske kunstnarar som har innteke ei sentral plassering innanfor den såkalla hypermodernismen. Sven Påhlsson sin serie Bending Water består av fem ulike verk, og videokunsten viser vannformasjonar som stadig er i endring.

Animasjonane er laga ved hjelp av datateknologi som i dag brukast i forbindelse med vervarsling og berekning av naturkrefter. Verka er svært aktuelle for vår samtid gjennom dei mange økologiske koblingane til vanntematikk, som polarissmelting og andre ekstremverfenomen. Oseana får Bending Water 3 og Bending Water 5 til si utstilling. Bending Water 3 viser ein svevande vannanimasjon som kontinuerlig endrar figur etter simulert påverknad, som gravitasjon, kollisjon og attraksjonskrefter.

Videoverket er svært notidsaktuelt med dei mange økologiske koblingane til vanntematikk som polaris-smelting og andre ekstremverfenomen. Formasjonane kan og trekkje tanken mot tilblivelse generelt i universell, tidløs forstand, men og i ei meir futuristisk retning gjennom påminnelser om planetære, galaktiske nydannelser og genetiske, molekylære nyformasjoner Bending Water 5 er ein hjulforma vannanimasjon som og bevegar seg i ein tilsynelatande ustoppeleg syklus. Også her kan tankane ledast mot ulike naturfenomen, til dømes "svarte hol" og orkanar. begge verk opnar opp for refleksjonar kring høgst sentrale problemstillingar knytt til klimaendringar og jorda si framtid. Videoverka har tidlegare vore vist utandørs på Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst sine fasadar, som biletet i artikkelen viser. Utstillinga opnar 30. oktober og blir ståande til 27. november.

Dato

21. januar

Tidspunkt

10:45

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no