nodeimage

Solveig Haukaas - Emalje

Solveig Haukaas er neste utstillar ut i Hvelvet. 
Solveig Haukaas er utdanna i gullsmedfaget, med spesialisering i emalje. Ho er utdanna både ved Voss skule for bildande kunst, Kunstskolen i Førde og Bergen Kunsthåndverkskole.
I motsetning til mange andre emaljekunstnarar som jobbar innan smykke- sjangeren, lagar Solveig veggbilder. Solveig sin verkstad og atelier ligg i Dragsvik, ein liten tettstad ved Sognefjorden. 
Ho har hatt mange utsmykkingsoppdrag, her kan nemnast Sagatun Ungdomsskule, Granlia Heim og Skule, Statens Hus og Sognefjord Akvarium. Ho er også innkjøpt av Aurland kommune, NRK Sogn & Fjordane, LHL og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. 
Solveig har delteke på ei rekkje utstillingar i både inn- og utland, mellom anna på Færøyane, Canada, USA, Japan, Danmark, Sverige, Finland og Ungarn. Ho har også hatt mange separatutstillingar, seinast på Galleri Langegården i Bergen i 2009. 
Utstillinga opnar med vernissasje laurdag 16. november kl. 14.00, og blir opna av Elisabeth Tonheim. Det blir enkel servering under opninga. Ustillinga står i perioden 16. november - 21. desember. 

Dato

16. november

Tidspunkt

14:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no