nodeimage

Ragnhild Willlumsen & Anne Grete Istad

Ragnhild Willumsen og Anne Grete Istad held utstilling i Hvelvet i perioden 27. april til 2. juni.

Ragnhild Willumsen er opprinneleg frå Stavanger, men har vakse opp både på Herøy på Helgelandskysten, på Finnøy i Ryfylke og i Trondheim. Ho er utdanna innan fagfeltet språk- og kommunikasjonutvikling hos born, men parallelt med ei akademisk karriere har ho alltid uttrykt seg kreativt gjennom tekst, bilete og illustrasjonar, der teikninga har stått mest sentral. Etter kvart vaks det fram eit ynskje om å gjere hobby til arbeid, og i 2007 starta ho Atelier 20A i Bergen, der ho i dag arbeider saman med Anne Grete.
Willumsen arbeider med akryl på lerret. Ho tilstrebar eit moderne uttrykk i bileta sine, der ho er oppteken av å finne ein balanse mellom det abstrakte og det figurative, sjølv om det figurative er det som er mest framtredande. Som teiknar er også streken viktig og tydeleg for henne i alle bileta, ofte litt naivistisk påført. Både motiv og fargeval gjenspeglar Willumsen sin oppvekst og sterke tilknyting til kulturlandskap, natur og tradisjon. Ho har og ein tydeleg humor i bileta sine, i form av overraskande samansetningar i motivet, ein skeiv strek eller eit menneskeleg trekk hos eit dyr.
Willumsen sine bilete er også gjenkjennelege når det kjem til struktur. Alle bilda hennar har eit grovt uttrykk, nokon gongar er detaljane "støypt" i maling. Dette skapar eit stoffleg og djupt i biletet som harmonerar godt med motivvalet. Malinga er også ofte ispedd sand, grus og skjel, som leggast lag på lag for så å skrapast ned og fyllast på att til uttrykket er grovt, skeivt og porøst.
Willumsen seier sjølv dette om sitt billedlege uttrykk:
”Jeg ønsker at det skal være godt å se på et bilde, at det rører noe i vårt indre om lengsel etter ro og harmoni, at det gir en umiddelbar opplevelse av noe ekte. Jeg ønsker at mine motiv, min strek og min palett til sammen skal gi en slik opplevelse.”
 
Anne Grete Istad er fødd og oppvaksen i Sandnes, men bur og arbeider i dag i Bergen. Istad har utdanning frå Rogaland Fylkeshusflidskole, og har arbeida som strikkedesignar for fleire store bedrifter, som Sandnes Kamgarn Spinneri, Dale Ullvarefabrikk og Rauma Ullvarefabrikk. Ho strikka i fleire år for Per Spook, og har delteke på ei rekkje utstillingar i Noreg. Ho har også levert strikkekåper til Husflidsbutikkar over heile landet og sete i styret for Husfliden, i tillegg til å undervise i ungdomsskulen. I dag arbeider og driv ho Atelier 20A saman med Ragnhild.
I 1986 starta Istad sin eigen verkstad med produksjon av kle etter eigen design. Der produserte ho kåper, jakker og drakter i ull som ho fyrst strikka og så tova. Ho strikka også gensarar som ho pynta med applikasjonar og broderi. Etter kvart vidareførte ho og brukte desse teknikkane i tekstilbilete. I dag arbeider ho med tekstil og maling på lerret. Ho brukar gamle tekstilar, heklearbeid og broderi, men også sand og tau i sine bilete. Desse materiala blir klipt og strukke før dei blir plassert på lerretet. Deretter målar ho med akryl og olje lag på lag, og pussar og skapar til ho får fram den strukturen ho ynskjer. Til slutt blir bilda lasert, ofte med oljebasert måling. Denne tekikken framhevar strukturen i bildet og gjev ei rustikk og antikk overflate, samstundes som dei nye teknikkane får eit nytt uttrykk.
Utstillinga til Ragnhild og Anne Grete opnar laurdag 27. april kl. 15.00. Det blir enkel servering og eit musikalsk innslag ved damekoret Octavia. Utstillinga står til og med søndag 2. juni.
 
 

Dato

27. April

Tidspunkt

15:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no