nodeimage

Os Fotoklubb

Os Fotoklubb opnar fotoutstilling i Hvelvet 10. desember.

Os Fotoklubb har ikkje lang fartstid på baken, men har likevel oppnådd mykje gjennom det fyrste året.
Fotoklubben har vore pressefotografar på Skulptursymposiet, Osøren blues- og jazzfestival, Rock'n LoL og under opningsveka til Oseana. Det var difor naturleg at den fyrste fotoutstillinga skal haldast her. Medlemmar frå fotoklubben har også delteke i fleire konkurransar, og gjort seg bemerka både i nasjonal og internasjonal samanheng.
10. desember kl. 14.00 blir det vernissasje med gratis inngang i Hvelvet, der artist og låtskrivar Myrna Braza vil opptre. Braza stakk nyleg av med sigeren i bandkonkurransen Emergenza, og vil gje oss sjelfull musikk og song i eit akustisk format.
Utstillinga vil innehalde over 70 arbeid frå 19 ulike fotografar, og nokre av bilda vil og vere til sals. Fotoklubben har alltid plass til fleire medlemmar, og oppfordrar alle som har lyst til å melde seg inn. Besøk heimesida deira her, eller søk opp Os Fotoklubb på Facebook!
Utstillinga blir ståande til og med 15. januar.

Dato

10. november

Tidspunkt

19:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no