nodeimage

Linda Soh Trengereid - Hamskifte

Linda Soh Trengereid viser utstillinga Hamskifte i Hvelvet i perioden 16. mars - 20. april.

29 år gamle Trengereid er utdanna frå Kunsthøyskolen i Bergen, og arbeider hovudsakleg med måleri, installasjon, skulptur og teikning. I kunstuttrykkjet sitt forskar ho på tema som kulturell og stadsspesifikk tilhøyring, migrasjon, identitet, evna mennesket har til å tilpasse seg, eller framandgjering i forhold til miljø, omgjevnadar og kultur. Ho hentar ofte inspirasjon frå si eiga historie som utanlandsadoptert frå Seoul i Sør- Korea.
Utstillinga Hamskifte består av maleri frå serien Imagined Homelands frå 2011/2012, og ein serie mindre maleri frå 2013 som er ei forlenging av dette prosjektet.
 
Trengereid seier dette om prosjektet sitt:
"Imagined Homelands er ein serie maleri av olje, akryl og blyant på mdf. Utgangspunktet for motiva til maleria er henta frå private bilete teke i og utanfor min koreanske familie sin heim i Korea, og bilete teke under oppveksten min i Noreg hos min norske familie. Motiva viser interiør og eksteriør henta frå dei to landa som går over i kvarande på meir eller mindre tydelege måtar. Alle dei avbilda stadane ber tydeleg preg av eit menneskeleg nærvær, anten det er ei sittegruppe på ein terrasse, ein hagebenk eller ei kjøkeninnredning, men utan å avsløre bebuarane sin identitet. 
Maleria blir til dører som viser inn til eit landskap som ikkje ekstisterar, men som tek utgangspunkt i eksisterande geografiske stadar som til saman utgjer denne alternative røyndomen. Eg vil med dette prosjektet undersøkje og framstille staden i mellom - ein fiktiv røyndom. 
Ved å plassere dei same to hundane i alle bileta ynskjer eg å tilføre dei noko levande, noko som kan assosierast sterkt med menneskje og heimane deira. Men også som på grunn av måten eg har valt å framstille dei på, kan gje assosiasjonar til ein meir mytisk posisjon. Hundar med svart pels har lenge vore knytt opp til ulike mytar og legender i store delar av Europa. Desse to hundane var også brør og tilhøyrde min familie og mine besteforeldre. 
Gjennom prosjektet Imagined Homelands vil eg undersøkje menneska si kjenslemessige tilknyting til ein eller fleire stadar, uanhengig av landegrenser, som på ein eller annan måte har hatt betydeleg innverknad på livet vårt slik det er i dag. I dette tilfellet gjeld det også stadar som er viktige for meg, men som eg også håpar at betraktaren og vil føle er av ei viss betyding."
 
Utstillinga opnar med gratis vernissage laurdag 16. mars, med eit musikalsk innslag av Christian Sommerfeld, som også er ein av solistane under De unges konsert.
Utstillinga står i perioden 16. mars - 20. april.

Dato

16. mars

Tidspunkt

15:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no