nodeimage

Lerin / Hystad

Ny utstilling i Galleri Hvelvet - Lerin / Hystad

Kunstnarduoen Lerin / Hystad stiller ut dei audiovisuelle verka Mount Buzhou og Amaterasu.  Verka er frå ein serie arbeider der duoen nyttar lydlandskap og fotocollage for å skapa alternative beskrivingar av landområder og kulturar. Verka utforskar historieforteljinga ved hjelp av landskapet som byggjer stemningar og inviterer publikum med på ei reise. 

Mount Buzhou er eit fjell vest i Kina, og ifølgje kinesisk mytologi er det dette som held oppe himmelen. Lydverket er basert på feltopptak av gatemusikantar og gatelyd frå Kina, materialet er komponert til eit lydlandskap med element av ambient, drone, elektro og tradisjonell kinesiske musikk. Serien av fotocollage visualiserar gatebilda og grensar til det absurde og surrealistiske. 

Amaterasu  tar sitt navn frå solgudinna i den japanske mytologien. Gudinna gøymde seg i ei grotte etter at bror hennar Susanoo hadde eit vredesutbrudd. For å lokka henne ut arrangerte gudane ein fest med høglydt musikk og støy. Lydverket er basert på feltopptak frå Japan sin kollektive trafikk, spelehallar og gater. Komposisjonen er eit energisk lydlandskap med element frå jazz og elektro. Fotocollage-serien visualiserer den arkitektoniske oppbygginga av den japanske naturen.

Simon Torssell Lerin og Bettina Hvidevold Hystad har samarbeida siden 2010 og har hatt ein rekke kunstnaropphald, konserter og utstillingar i inn- og utland. 

Dato

07. november

Tidspunkt

13:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no