nodeimage

Landskap, naturmotiv og nye innkjøp

 

 

Griegsamlingen si utstilling for haustsesongen 2017 er delt i to avdelingar. Dei første tre romma presenterer eit lite utval av samlinga sitt store antall maleri med landskap- og naturmotiv. Her finn ein flotte maleri frå nasjonalromantikken, som Johan Christian Dahl sine fjellandskap og dei såkalla "düssedorferne" Hans Fredrik Gude og Anders Askevold. Den meir generelle, europeisk inspirerte romantikken, som ikkje la same vekt på gjenkjenning av stad og nasjonale trekk, er representert ved Dahl-eleven Knud Baade sitt maleri "Måneskinn". Eit høgdepunkt i denne delen er Peder Balke sitt storslagne "Nordkapp" frå 1848.

Romantikken var moderne for si tid då den løfta fram både samtidig tematikk og natur og landskap, som i klassisistisk tradisjon ikkje framsto som høgverdige sjangre. Målemåten var likevel framstundes klassisk, og bileta blei omhyggeleg komponert på atelieret med utgongspunkt i skisser og natursturdier. 

 

Då det moderne for alvor slo inn i norsk kunst på slutten av 1800-talet, var naturen framleis eit ynda motiv for mange norske kunstnarar. Måten å male på og valg av utsnitt skilte seg likevel sterkt frå tidlegare. Impresjonismen sin "reinsa palett", med fargane påført med brei pensel direkte på lerretet, erstatta forgjengarane sine utpensla valører i graderingar frå svart til kvitt. Framståande eksempel er dei lysande og fargesterke maleria til Thorvald Erichsen, eller realisten og esteten Fritz Thaulow si interesse for lyset sin påverknad på motivet. Men bruk av reine fargar, synlege strøk og eit direkte forhold til motivet, gjerne malt på staden, har blitt ståande som aktuelt for mange malarar heilt opp til vår eiga tid. Kunstarar som Lars Jorde og Christian Skredsvig hadde denne malemåten som utgangspunkt og i sine meir nyromantiske maleri. Det same gjeld den meir symbolistisk orienterte Nikolai Astrup.

 

Nye innkjøp gjer at Griegsamlingen stadig veks. Rommet heilt innerst i Greigsamlingen er denne hausten reservert for nyleg innkjøpte verk, og her vil det bli ulike presentasjonar i løpet av sesongen. I august og september konsentrerer vi oss om kunsthistoriske verk representert av Mathias Blumenhal, Elisabeth Sinding, Morten Müller, Nils Bergslien, Nikolai Astrup og Kai Fjell. I oktober heng vi opp to monumentale arbeid av Gunnar Berg og Axel Ender som ikkje tidlegare er vist på Oseana, medan innkjøp av samtidskunst vil bli vist mot slutten av året.

 

 

Dato

06. august

Tidspunkt

12:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no