nodeimage

Kjell Nupen

Kjell Nupen er sommarens kunstnar i Hvelvet.

Kjell Nupen er ein av Noregs største nolevande kunstnarar. Han er ein allsidig kunstner som jobbar innan fleire medier, som maleri, grafikk, glass, keramikk, bronse og granitt, men ser seg sjølv fyrst og fremst som målar. Nupen har hatt ei rekkje utsmykkingsoppdrag i offentlege areal, mellom anna ein større skulpturpark, eit fonteneanlegg og utsmykningane i Søm kirke i sin eigen fødeby, Kristiansand. Nupen har sidan 2002 budd og arbeidd der.
Nupen er utdanna ved Statens Kunstakademi i Oslo og Staatliche Kunstakademie i Düsseldorf, og debuterte i 1974 på Høstutstillingen i Oslo og Sørlandsutstillingen i Kristiansand. På 1970-tallet var han med å starte fellesverket ”Myren Grafikk” i Kristiansand. I 2004 hjalp han til med å etablere K.G.V (Kristiansand Grafiske Verksted).Han har sjølv bygd eigne verkstadar tre gongar, og har dei siste ti åra knytt til seg dyktige medarbeidarar og handverkarar til sin noverande verkstad. 
Kjell Nupen har gjennom heile livet jobba på verkstadar i andre land. Framleis arbeider han på eksterne verksted hos Atelje Ole Larsen, Helsinborg (med dyptrykk), på Edition Copenhagen, København (med litografi), Struktuur 68, Den Haag (med porselen), Tommerup Keramiske Værksted, Tommerup (med steingods), Hageland Kunst og Metall Støperi, Mandal (med bronse).
Gjennom mange års kunstnerisk virke, søkjer framleis Nupen etter å stadig skape nye bilete med rot i sine eigne erfaringar og tidlegare verk, framleis etter å utdjupe og skape sitt eige rom. I sitt kunstnarskap legg han vekt på det lineære forløpet. Han er oppteken av historie, og dermed også sin eigen historie, ved å utdjupe sin eigen motivkretks. Frå å ha vore i ein kritisk realistisk periode på 1970- talet, har Nupen gjennom åra vendt seg meir og meir mot måleiet sin eigenart, og er oppteken av tilhøyrigheit kontra ikkje tilhøyrigheit, og ein søken etter stille og refleksjon.  Nupen er også kjend for ein heilt særeigen blåfarge, kalla "Nupen- blått".
I Hvelvet stiller han ut både maleri og grafikk. Utstillinga blir opna laurdag 15. juni kl. 15.00 av prof. emeritus Gunnar Danbolt. Kunstnaren sjølv er dessverre forhindra frå å vere tilstades på utstillinga. Utstillinga blir ståande gjennom heile sommaren, t.o.m. 18. august. MERK! Søndag 18. august stengjer utstillinga kl. 16.00! 
For meir info om Kjell Nupen:www.kjellnupen.no

Dato

15. juni

Tidspunkt

15:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no