nodeimage

Ingrid Aarset - Djupe blonder og mjuke relieff

Ingrid Aarset er fyrste tekstilkunstnar i Hvelvet.

Ingrid Aarset er fyrste tekstilkunstnar ut i Hvelvet, og ho er også den fyrste som ikkje berre heng kunst på veggen - men også frå taket!
Aarset er utdanna tekstilkunstnar frå Bergen Kunsthandverksskule, med fordjupning i Constructed textiles frå London. Ho arbeidde tidleg med såkalla dataassistert design, og bruken av digitale verkty og ei sterk vektlegging av handverksmessige kvalitetar har fulgt henne sidan. I studietida utvikla ho eit eige uttrykk, der strikka kvalitetar kombinert med silketrykk, handmaling og utbrenning nærast vart varemerket hennar. Frå å arbeide med desse tekstilar i formuttrykket klesplagg har ho dei seinare åra gått mot å jobbe med romlege tekstilar. Materialet har også gått frå strikka kvalitetar til meir bruk av lin og silke som hovudmateriale.
Utstillinga som ho no skal ha i Hvelvet, består av store tekstilar som heng frå taket. Aarset viser  her ein tredimensjonal tilnærming til tekstildesign ved hjelp av teknikkar som forstørrar og gjentek mønster. Hovudaspekta i arbeida hennar er mønster og repetisjon. Intrikate mønster som etterliknar blonder er skore med laser i bomullsseglduk, og kan minne om papirklippingskunst. Utforma som store flater heng dei i fire lag eit stykke frå veggen, noko som gjev rom for både skyggespel og ei kjensle av horisont. Dette gjev ei spennande utstilling med eit uttrykk som er nytt for Hvelvet.
Aarset har hatt ei rekkje seperatutstillingar, hatt mange utsmykningsoppdrag og fått fleire stipend. Nyleg er arbeida hennar kjøpt inn av Vestlandske Kunstindustrimuseum og Nasjonalmuseet, i tillegg til tidlegare å vere kjøpt inn av Kunstindustrimusea i  Oslo og Trondheim. Aarset har også undervist gjennom stort sett heile karriera, og er i dag tilsett som høgskulelektor ved KHIB, knytt til fagområdet tekstil.
Utstillinga har vernissage laurdag 2. februar kl. 13.00, med opning ved Nina Skurtveit. Den blir ståande til 3. mars.
 
Foto: Øystein Klakegg
 

Dato

02. February

Tidspunkt

13:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no