nodeimage

Hariton Pushwagner

Hariton Pushwagner stiller ut i Oseana

29. mai 2015 opnar Pushwagner si største utstilling i Noreg i 2015. Terje Brofos, alias Hariton Pushwagner (1940-), fyller 75 år i byrjinga av mai, og mønstringa av Pushwagner sin billedkunst i Griegsamlingen vil bli eit formidabelt jubileumsshow!

Pushwagner har i løpet av dei siste ti åra blitt eit ikon i norsk kunstliv. Han har levd ut den klassiske kunstnarmyten frå å vere ein framandgjord liten gut på Oslo sin vestkant, til eit omflakkande vagabondtilvære med få andre haldepunkt i livet enn det unike teiknetalentet sitt. I 1968 møtte han forfattaren Axel Jensen på toalettet i Kunstnerenes Hus i Oslo. ”Hvordan har du det?” spurte Jensen høfleg. ”Det går til helvete” svarte Pushwagner. Eit samarbeid som skulle prege nyare norsk kunsthistorie hadde begynt. ”Jeg tegnet Axels historier, men det var min historie” fortel Pushwagner.

Og det er historier om eit einsarta og kapitalstyrt samfunn der innbyggarane ikkje lenger er individ, men robotar i eit kontrollert maskineri. Pop- kunsten og verkemiddel frå teikneseriar har alltid vore det visuelle kjennemerket til Pushwagner, samstundes som han brukar perspektivet på ein absolutt fabelaktig måte for å understreke det uendelege og mogleg uopprettelege i samfunnskritikken sin.

Hariton Pushwagner er på alle måtar ein gigant i norsk kunstliv, og det er ei stor ære for Oseana kunst- og kultursenter å kunne presentere han i Griegsamlingen frå 29.mai til 16.august 2015.

 

Utstillingen er open kvar dag heile veka i dette tidsrommet:

Måndag - fredag:   11:00 - 16:30
Laurdag - søndag:  12:00 - 18:00

Vi tar forbehold om enkelte dagar med reduserte opningstider. 

Dato

29. mai

Tidspunkt

18:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no