nodeimage

Høsten 2018: Kunstomvisingar for demente med følgjeperson

Bildet over er frå ein omvisning på KODE.

Foto: Tove Breistein

 

 

Sidan hausten 2016 har Kode-Kunstmuseer og Komponisthjem tilbode tilrettelagde, dialogbaserte omvisningar for menneske med demens. I samband med at Oseana, i samarbeid med Kultureininga i Os kommune, denne hausten startar opp eit liknande tilbod i Griegsamlingen, innleia vi det heile med eit ope foredrag med dei to erfarne formidlarane frå Kode, Helga Anspach og Siri Breistein. Mandag 27. september delte dei av av sine erfaringar med eit interessert publikum. I september startar vi opp med første omvisning i Griegsamlingen.

TILRETTELAGDE OMVISNINGAR HAUSTEN 2018:

Vidare utover hausten inviterer vi til tre samlingar for personar med demens med følgjeperson. Ein treng ingen forkunnskap, og omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmeldte. Alle får sitjeplasser ved kunstverka, og erfarne formidlarar syter for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Vi avsluttar med kaffi og noko å bita i og ein hyggeleg prat. 

Påmelding til evelyn@oseana.no seinast torsdagen før omvisninga. 

Avgrensa plasser.

Mandag 10. september 18:00 - 20:00:   Vi snakkar om Nikolai Astrup og kunsten hans framfor nokre av maleria hans i Griegsamlingen.

Mandag 15. oktober 11:30 - 13:30: Heimen og heimstaden sett gjennom bilde i Griegsamlingen.

Mandag 12. november 11:30 - 13:30: Vinterbilde, med spesiell vekt på Axel Ender sitt "Kanefart" og Gunnar Berg sitt "Landligge i Lofoten" - bilde som mange osingar har vakse opp med og kjenner godt.

 

Prosjektet skjer i samarbeid med kultureininga i Os kommune og har kome i stand med tilskudd frå Den kulturelle spaserstokken.

 

 

Dato

27. august

Tidspunkt

18:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no