nodeimage

Håkon Gullvåg - Sommerutstilling 2016

Salgsutstilling med Håkon Gullvåg

Håkon Gullvåg (f. 1959, Trondheim ) har sidan debututstillinga for over 30 år sidan etablert seg som ein av de aller mest renommerte biletkunstnarane i Norge. Han har hatt ei utstrakt utstillingsverksemd, og er også godt etablert på den internasjonale kunstscena. Gullvåg har ein karakteristisk motivkrets basert på eit gjenkjenneleg, figurativt blikkfang, men bileta hans korresponderer ikkje alltid med det vi oppfattar som verkeleg. Gullvåg vrenger og vrir på sine former og figurar og plasserer dei ofte inn i ei surrealistisk, draumeaktig «boble». Fargeføringa er tett og sterk og bileta hans får med det eit svært gjennomarbeida preg. Inntrykket til publikum blir difor også sterkare. Håkon Gullvåg har en eineståande posisjon i norsk kunstliv og det er ei ære og glede for Oseana kunst- og kultursenter å kunne presentere han i Griegsamlingen sommaren 2016.

Dato

11. juni

Tidspunkt

13:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no