nodeimage

Galleri Hvelvet

Galleri Hvelvet er Oseana sitt temporære utstillingslokale. 

Rommet måler om lag 22x5 meter og blir nytta til ulike temporære utstillingar. 

Heilt sidan Oseana Kunst- og Kultursenter opna i 2011 har Hvelvet hatt utstillingar av alle slag; separat- og kollektivutstillingar, sals- og utlånsutstillingar, vandreutstillingar frå Nasjonalmuseet og utstillande kunstnarar av lokal, regional og nasjonal storleik. Dei kunstnariske uttrykka har spent frå måleri, grafikk, skulptur og tekstil til videoverk og installasjonar. I menyen til venstre kan ein sjå kva utstilling som står i Hvelvet akkurat no og kva utstillingar som har vore før. Hvelvet er ope i opningstidene til senteret. 

 

Søknader om utstillingsplass: 

Oseana tek i mot søknadar om utstillingsplass ein gong i året. Søknadsfrist for utstilling i 2019 er 15. januar 2018. 

Søknaden må innehalde: 

• Prosjektskisse 

• Bilete som er representative for arbeidet dersom ein har dette. Ved søknad sendt på e-post må bileta vere i JPEG-format, og det må vere maks 4MB total storleik på vedlegga i søknaden. 

• Presentasjon av kunstnar med CV 

• Det er også ynskjeleg med bilete og beskriving av tidlegare utstillingar dersom ein har dette. 

 

Søknaden sendast på mail til kurator Evelyn Holm på evelyn@oseana.no . Merk emnefeltet med  «Søknad til Hvelvet».

Søknaden kan også sendast i posten til: Evelyn Holm, Oseana Kunst- og Kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Os. Merk konvolutten med «Søknad til Hvelvet».

 

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no