nodeimage

Frå Moldegaard til Griegsamlingen - Torsdag 30. august kl. 18-20 i Griegsamlingen

Velkomen til ein hyggjeleg kveld med omvisning og foredrag.

I 2015 gjekk Grieg Foundation og Os kommune saman om å kjøpa to store måleri frå Rekstenfamilien. Det var Gunnar Berg sitt "Landligge i Lofoten" og Axel Ender sitt "Kanefart". Måleria er kjende og kjære for mange osingar. Det var difor ei stor glede for Oseana å kunne presentere dei i Griegsamlingen i januar 2018, nyreinsa og med restaurerte gullrammar. Denne kvelden feirar vi hendinga med ein samankomst med både Rekstenfamilien, Per Grieg sr. og Os kommune til stades. Kurator Evelyn Holm vil fortjelja om måleria og kunstnarane, mens John Widar Storlid held foredrag om Moldegaard og Moldegaardsamlinga sine historier.

Lett servering. Fri inngang.

Dato

30. august

Tidspunkt

18:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no