nodeimage

Erika Anfinsen

Torsdag 26. juli kl. 19 opnar Erika Anfinsen ny utstilling i Hvelvet.

Denne gongen er det skulpturar som skal få pryde utstillingslokalet i Griegsamlinga.
Erika Anfinsen er tyskfødt og busett i Bergen. Ho delar atelier i Bergen med ein annan skulptør og i Pietrasanta i Italia . Erika er utdanna frå Bonn og høgskulen i Bergen, og var i mange år elev av Anat Golandski og av Knut Steen. Sistnemnde har ho gjennom dei siste åra arbeida tett saman med og delt atelier med.
Erika har eit abstrakt- figurativt formspråk, og arbeida hennar har ei sensuell og energisk form. Med nøyaktigheit og kontrollert bruk av tungt verkty får ho skulpturane sine til å verke delikate og lette, nesten gjennomsiktige.
- Eg likar å berre gje ei antydning av ideen bak skulpturen, slik at betraktaren kan få gje rom til sine eigne betraktningar og kjensler, understrekar ho.
Erika gjekk etter mange års arbeid med keramikk også over til å arbeide med marmor, stål og bronse, og har i dag ei stor bredde i materialbruk.
- Eg likar dei utfordringane, både moglegheitene og begrensningane, som ligg i dei ulike materiala når ein skal uttrykke noko tredimensjonalt, forklarar Erika, som gjennom dei siste åra har hatt fleire utstillingar i både inn- og utland. Ho er kjøpt inn av både det private og det offentlege, mellom anna av Bergen Kommune, G.C. Rieber, Haukeland Sykehus, Helse Vest og Statoil.
Utstillinga opnar med gratis vernissage torsdag 26. juli kl. 19.00, og står i perioden 26. juli til 1. september.

Dato

26. juli

Tidspunkt

19:00

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no