nodeimage

Eilif Stene & Ine Tumyr

Fredag 7. desember kl. 18.00 opnar Eiliv Stene og Ine Tumyr utstilling i Hvelvet.

Det er klart for ny utstilling i Hvelvet. Denne gongen er det to kunstnarar som held felles utstilling. Eilif Stene og Ine Tumyr stiller ut henholdsvis fotografi og skulpturar.
Eilif Stene jobbar til dagleg som prosjektleiar i AVAB-CAC Bergen AS, men starta allereie å fotografere med speilreflekskamera i 1974. Ambisjonen var då klar, han skulle bli pressefotograf. Etter kvart som åra gjekk enda han likevel opp som lydteknikar, med fotograferinga som ein parallell hobby og aktivitet. Han har tidlegare hatt fleire separatutstillingar av fotografia sine.
Ine Tumyr lagar skulpturar i aluminium og keramikk. Ine hentar stor inspirasjon frå havet, noko som resulterar i skulpturar av sjøhestar, skjel og fiskar. Ine var også representert på utstillingsopninga til Oseana, med selskulpturen Seline. Ine er også kjend frå bandet ORBO & the Longshots.
Denne kvelden blir det også eit musikalsk innslag av Karoline Krüger og Sigvart Dagsland, som seinare på kveld held konsert i Oseanasalen. Det blir enkel servering, og utstillingsopninga er gratis for alle.
Utstillinga står i perioden 7. desember - 27. januar. Merk at Oseana held stengt i perioden 22.desember - 5. januar.

Dato

07. desember

Tidspunkt

10:45

Åpningstider

Mandag - Fredag 11:00 - 16:30
Lørdag - Søndag 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os

For spørsmål, kontakt Evelyn Holm på evelyn@oseana.no